Eg er ein gjest i verda

Eg er ein gjest i verda,
på reis som framand her.
Den trøyst eg har på ferda:
Min heim i himlen er.
Langt bort om tiders strand
der strålar livsens land.
Eg er ein gjest i verda,
min heim i himlen er.
Der har eg mine kjære,
der skal me møtast att
og evig saman vere
ein dag forutan natt.
Der er min Frelsar god,
som flyta let sitt blod.
Eg er ein gjest i verda,
min heim i himlen er.
Der finst ei gråt og kvida,
der finst ei sorg og nød,
der slepp mitt hjarta lida,
der finst ei synd og død.
Der vert eg evig fri
og himlens gleda mi.
Eg er ein gjest i verda,
min heim i himlen er.
Dit augo titt eg vender,
i lengting hjarta skjelv,
eg ser dei fagre strender
ved livsens klåre elv.
Han snart vil sende bud
og henta heim si brud.
Eg er ein gjest i verda,
min heim i himlen er.