Eg veit i himmelrik ei borg

Eg veit i himmerik ei borg,
ho skin som soli klåre,
der er kje synder eller sorg,
der er kje gråt og tåre.
Der inne bur Guds eigen Son
i herlegdom og æra,
han er mi trøyst og trygge von,
hjå honom eg skal vera.
Eg er ein fattig ferdamann,
må mine vegar fara
herfrå og til mitt fedreland,
Gud, meg på vegen vara!
Eg med mitt blod deg dyrt har løyst,
eg inn til deg vil treda,
og gjeva hjarta mod og trøyst
og venda sorg til gleda.
Er du meg tru og bruka vil
Guds ord og sakramente,
di synd er gløymd, di sorg vert still,
di heimferd glad du vente!
Når verdi all som drivesand
med gull og gleda viker,
då stend eg ved di høgre hand,
ein ven som aldri sviker.
Eg fattig hit til verdi kom
og rann av ringe røter,
fer herifrå med handi tom,
og dødens vald meg møter.
Men visst eg veit ein morgon renn
då dødens natt skal enda.
Min lekam opp or gravi stend
og evig fryd får kjenna.
Så hjelp oss du, vår Herre Krist,
ditt blod for oss har runne:
Din beiske død har sant og visst
oss himmelriket vunne.
Me takkar deg til evig tid,
Gud Fader, alle saman,
for du er oss så mild og blid
i Jesus Kristus! Amen.